Du er ikke logget ind
Del
Tilbage
Billede af materialet Ut i naturen
TVOptagelse
Ut i naturen
Ut i naturen
Havets sølv

NRK1

I februar kvart år blir enorme havsletter utanfor Møre dekt av eit kvitt teppe av sildeegg. Berre egga tilsvarar 3 gongar vekta av det norske folk. Men det er få sildeegg som blir til ny sild. Ukas program handlar om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. BBC og David Attenbourough har begeistra oss med fantastiske naturfenomen frå alle kantar av verda. Men få er klar over at kanskje eit av dei aller største naturfenomena skjer her ved norskekysten, rett utanfor vår eiga stovedør. Det har aldri blitt dokumentert slik som no. Silda vandrar opp og ned langs kysten vår og gir liv til fisk, fugl, kval og ikkje minst til oss menneska. Vi tek i dag ut nok sild til å brødfø heile Noreg si folkemengd heile året. Eit norsk filmteam har filma dei enorme stimane i havet slik du aldri har sett dei før. Ein fjernstyrt miniubåt (ROV) tek oss med ned der ingen menneske har vore før, på 50 meters djup, for å sjå sildeegga på havbotn. Den vakre lundefuglen er heilt avhenging av at sildeegga skal bli til sildelarver og etterkvart sildeyngel. Kjem ikkje sildeyngelen forbi fuglefjella til rett tid, må lunden gi opp ungen for å berge seg sjølv. Det har skjedd fleire år på rad. I filmen følgjer biolog og filmskapar Are Pilskog ein liten lundeunge gjennom våren og sommaren for å sjå om ungen kjem til å klare seg. Kjem sildeyngelen forbi fuglefjellet til rett tid denne gongen?


"Ut i naturen" er en del af

Serie
Ut i naturen

Side
af

Log ind og få adgang

Du skal logge ind med Unilogin eller WAYF - så kan du låne materialet
Udgiver
NRK1
Udgivelsesår
2012
Faustnummer
TV0000022875
Fysisk beskrivelse
TV-optagelse, 30 min
Sprog
Norsk
Undertekster
Dansk
Materialetype
TV-udsendelse
Spilletid
30 min..
TV-dato
6. mar. 2012 kl. 19.45